Tradisjon & Historikk

Lakse-eventyret på Ørskogvika

Det var ein gong fisken fra Ørskogvika på Møre var redninga for mange familiar i vanskelege tider, til dømes under siste verdskrig. "Bygda sitt spiskammer vart fjordtarmen kalla som eit uttrykk for bade takksemd og respekt, i var tid er vika mest brukt til rekreasjon for hobbyfiskarar og turistar. Fra dette naturens matfat har folk gjennom generasjonar henta seg sunn og god mat til både kvardag og høgtid, og den verkelege festmaten, det var laksen. Laksen vart tillaga på mange vis. Kald, kokt laks var bryllaupsmat, og røykelaksen vart gjerne servert ved gebursdagar, barnedapår og ikkje minst, 17.mai. Men pjakken (lokalt uttrykk for laks under 3 kg) som kom i rikelege mengder om sommaren, var a finne på mange middags bord gjennom heile sesongen. Det var også vanleg a hermetisere fisken for a kunne ta vare på denne ressursen til vintertida.   Med rikeleg tilgang på både torsk og laks i fjorden, vart det også behov for røykeri. Sma hus vart bygde der karane eksperimenterte med a finne dei beste metodane. Sjøl om dei sikkert prøvde a halde på sine "spesialitetar", var det nok også mange som utveksla erfaringar om prosessen og på den maten hjelpte kvarandre til stadig betre resultat. På denne måten samla det seg etterkvart stor ekspertise i Ørskog i kunsten a røyke fisk.   Ein av dei første som røykte for bade seg sjøl og andre, var Petter Storvik, (F:1873) eller "Storvik-Petter som han vart kalla i bygda. Han hadde eiga tørkestove som vart nytta til tørking av kom og malt, og til røyking av spekemat og fisk. Ved røyking tende han opp ein liten haug med lauvtre-sagmask oppe på tørkehellene og dekte til med einer. Døra vart laten att sa røyken ikkje for ut. Etter røykeprosessen hengte han gjerne produkta under stabburet ei stund. Ein liten smaksprøve derifrå kunne visst ofte vere ei freisting for forbipasserande, seiest det. Petter Storvik fekk ry på seg for å lage svrert gode varer, og Lars Stene som ikkje budde langt unna, var så heldig at han fekk kome ut til Storvik-Petter å lrere kunsten å røyke fisk. Den kombinerte tørkestova og røykeriet til Petter Storvik vart teken ned først på 50-talet og står no på Sunnmøre Museum i Ålesund.   Lars Stene, (FS.1909) i bygda kalla "Steina- Lars", var den som skulle føre tradisjonen vidare. Lars arbeidde som småbrukar og slaktar og hadde fiske som attåtnrering likt med så mange andre på Sunnmøre . Han bygde seg eige røykeri som står enno ved huset i Steinane der han budde.
I 19S3 kjøpte Lars seg eiga kilenot for å ta laksen det då var så rikeleg av på ørskogvika. Lars sette oftast nota rett utanfor garden sin og eit stykke framfor eigedomen til naboen, Petter Stene. Han fekk kvart år fekk ein laks til takk for at Lars fekk sette nota der.
Lars var nøyen med å vakte nota. For å sikre god kvalitet, skulle fisken hentast snarast etter at han hadde gått i garnet, difor for han jamnleg ut med freringen sin og passa på. Steina-Lars tørrsalta fisken på fjøl, så vart fisken hengt inn til røyking. Han la spon i botn, deretter tynne fjøler oppå og til slutt sagmask på toppen før han "let bål", som han sa, og så fekk fisken henge der natta over. Steina-Lars var etterkvart synonym med kvalitet på både kjøt og laks, og han var meir enn villig til å dele kunnskapen sin med Leif Nybø (F: 1923) då han bad om å få eit innblikk i røykekunsten.   Røyking av laks var eitt av mange gjeremål for dei som hadde drive med det til då, men Leif Nybø såg etter kvart potensialet i å ha røykinga som leveveg, men då i kombinasjon med oppdrett, ein heilt ny tanke i bygda.   I 1973 var det dugnad hos Klyver-Leif. som på same måte som hans forgjengarar hadde eit tilnamn etter garden han budde på. Leif hadde sjol bygt mæra av tre. "Ej veit ikkje kva ej har gitt mej ut på", sa han då nabokarane møttest til dugnad for å sjosette den heimesnekra mæra. Dei bar ho så langt ned dei kunne pa fjøre sjø, og då del flødde, bukserte deg mæra dit ho skulle ligge. Mæra kunne vel vere ca 10 m i diameter, hugsar Bjorn Brandal som var med på "sjosetjinga", men sjolve nota vart sett i etterpå.   Leif Nybo var ein føregangsmann innan oppdrett, ei ny og moderne form å skaffe seg råstoff på til røykeriet. Men når det kom til sjølve roykeprosessen, skilde han seg klårt ut frå moderne og lettvinte metodar.   Frå første dag bygde Leif på generasjonars erfaringar og brukte den tida som trongst for å få beste kvalitet. Eitt og anna måtte han sjølsagt endre på når han skulle starte profesjonell matproduksjon, td vart sagmasken frå omliggjande sagbruk skifta ut med godkjent bokekutt frå Danmark. Leif hadde liten sans for moderne snarvegar med innsprøyting av saltoppløysing og dypping av laksefileten i røyksyre. "Nettopp TID er stikkordet", seier Leif, "det er det som skal til for at laksen skal modnast og mørnast og få den gode smaken", og akkurat den gode smaken har gjort røykelaksen fra Klyverplassen kjent både i inn- og utland.   Folk køyrer milevis i frå for å skaffe seg "skikkeleg røykalaks" som dei seier på Sunnmøre, og turistar kjem att år etter år for i kjøpe denne delikatessen. No er det Sunnmøre Roykeri AS ved Magne Henden som har overtatt stafettpinnen og bere tradisjonane vidare. Tempoet som karakteriserer modeme produksjon av røykelaks. vil ikkje få innpass i bygningane på Klyverplassen. Framleis skal den gamle, gode metodikken nyttast, som generasjonane før oss fann fram til, og som ga haldbare. velsmakande og sunne produkt.
  Tekst: Reidun K. Tjervåg. Foto: Britt Skjelten. Kjelder: Rolv Amdam, Leif Nybø, Paul Klock, Asbjørg Stene Lyngstad, Bjørn Brandal.